Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
417
Tekst: Døme ikkje!
— — Sæle er me, som slepp aa døme.
Domar kann berre ein vera: den allvitande. Alt
maa den sjaa og skyna, som skal felle ein rettvis
Dom.
Me andre hev æveleg nok med aa døme kvar seg.
Det skynar me dess betre, di meir me lærer.
Syndi tarv me ikkje døme; den er dømd, og dømer
seg sjølv. Men Syndaren laut ein fyrst forhøyre. Og
naar det heile Samanheng kom upp, so vilde me skunde
oss ned av Domarstolen att; me vilde forstaa, at der
hadde me inkje aa gjera.
Eit Ord er sagt ein Gong som aldri døyr; so ofte
ein Jesus-Svein fær Hug til aa døme, so minnest han
det og gløymer sin Dom: den som er syndefri kaste
den fyrste Steinen!
Meistaren sjølv dømde ikkje. Strenge fall Ordi hans
um Skrymting og Synd; men stod han framfor
Syndaren, so saag han dei djupe Samanheng; og han
sagde: eg dømer deg ikkje; synda ikkje meir.
Lat oss takke Gud, at me slepp aa døme!
Tekst: Paa Mose Stol sit dei Skriftlærde og
Fari-sæarane; alt det som dei seg jer at de skal halde, det
skal de halde og gjera . . .
— — Jesus var ingin Sektskipar. Han vilde ikkje
samle ein Flokk ikring seg; han vilde samle Borni
kring Faderen.
Harm vart han stundom, naar han kom til Temple
og saag alt Ustelle der; og paa Skriftlærde og
Fari-sæingar hadde han mangt aa segja; gjer ikkje deira
Gjerningar! byd han. Men til Temple heldt han seg;
og Sveinane skulde halde alt det som fraa Mose Stol
vart paabödi.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>