Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
420
HEIMK0A1IN SON
Det var stiina av med Bygdedrøse um han Gunnar
au no. Mannen var klen og hadde ikkje langt att, so
Folk lét han vera. Den Rikdomen det hadde gjengi
Ord um ei Stund, den skulde det ikkje heller vera stort
med; og kven bryr seg um ein Mann som skal døy,
naar det ikkje er noko etter han?
So kom dette braae Fraafalle. Og Likferdi og ymist
anna.
Likferdi var rett stor; Ætt og Ættekjenningar fylgde.
Millom Kjenningane vart det lagt Merke til gamle Per
Aase, eller Per Hove no, han som sit med den
Garden Gunnar var Odelsmann til; han eldest og tenkjer
vel paa Fred no, Per.
Av Ætti var det Systeri, Serina Hove — Dotter
hans Enok, Enkja etter Lensmann og Storthingsmann
Bø nord i Fjordane —, som Folk gaadde mest etter;
det er lengi sidan ho var paa desse Kantar no. Staut
Kone er det; og visst ikkje lite stor paa det, segjer
Folk; men for henne og Paal hev vel denne Likferdi
vori som ei Utsoningshøgtid.
Ho hev havt imot Bror sin alt fraa den Tid han
selde Hove; og kven kann undrast paa det.
Heime-tufti er kjær for alle; og al Jordi fekk „for mykje Magt"
med han Paal, det hev ikkje ho kunna skyna meir enn
andre; det plar kje vera Jordi som no for Tidi
hüg-bind Folk.
Tankar hev ho vel gjort seg av ymist Slag, som so
mange gjorde. Men Folkedrøse um Paal og Evelinde
tagna snart; og sidan var det ingin som kunde finne
paa noko, større. Og at Paal er ein Mann som ikkje
fer med Fjas, det hev ho meir og meir skyna. So hev
ho tenkt, at det nytta ikkje aa harme seg yvi dette
lenger; og ved Gravi, der all Ufred stilnar, hev daa
denne Knuten au vorti løyst.
Etter Likferdi var ho innum i Kvernhusheidi, der ho
visst aldri fyrr hev sett sin Fot; og dei tvo Sønine ho
hadde med seg fylgde henne. Det som er att av det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>