- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
421

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

421

gamle Hövefolke hev daa endeleg funnist no. Paal er
reint glad for dette, som rimelegt kann vera.

Dei tvo Sønine vart au aatgaadde, baade den eldste,
han Baard (som no gjeng paa Jordbruksskulen), og ikkje
minst den andre, han Einar. Det er etter Enok Hove,
Morfar sin, denne er uppkalla; og at dette hev kveikt
Tankar og Drøs um at Guten tenkjer paa
„Morfarsgarden sin", kann ein skyna. Serskilt vel fagna vart
han i Kvernhusheidi au, skal „Maren Doktar" ha
fortalt; det med skulde vera noko aa gjera seg Tankar
av. Men Paal berre smiler naar slikt vert nemnt; det
er daa visst inkje aa høyre etter.

Sidan hev Paal vori nord i Fjordane hjaa Syster si
eit Bli, og hjelpt henne med noko Arbeid; det finst
ikkje Arbeidsfolk der heller, maa-tru. Enkja driv
Garden aaleine no, med Einar til Hjelp — dei andre er
paa Skular eller paa Krambu —; ein Bror som Paal
kann daa vera god aa hava aa taka til; og han vart
verande der nord ei god Stund.

No er han heime att; og alt er i sitt gamle Gjenge.
Sundagsstundine med. Dei hev eg sakna; um eg ikkje
kann vera med jamt, so er det alltid godt aa vita at
ein hev deim. Helst no, daa eg hev vorti so vidt kjend
med Paal og Maaten hans, at eg kann gaa noko meir
paa med Spursmaali mine. Eg veit elles ikkje korleis
det hev seg; Spursmaali sprengjer ikkje so paa som
fyrr, minst naar eg er i Kvernhusheidi. Ja naar Paal
talar, kjem dei gjerne reint burt; han hev sin eigin
Maate, han, og bryr seg lite um Spursmaal av dette
Slage. „Me skal ikkje vera Teologar," segjer han;
„me skal fylgje Meistaren." Men han vedgjeng, at eit
Grand Rydjing kann turvast her og der; for „mangt
kann bli ugreidt, naar Meistaren vert tolka etter
Sveinane og ikkje Sveinane etter Meistaren."

Um Gunnar, Bror sin, fortel han ofte; den Mannen
hev vori ute i mangt. Og Trui hadde han reint misst.
Men han kom seg i den siste Tidi. „Han var ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0433.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free