Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
451
han fram; „og i det heile trur me Smaafolk helst paa
deim som lovar aa greide alt med ein Umstøyt og
nokre Paragrafar."
„Her i Lande skulde me vel kunna høyre paa ein
Mann som heldt seg til Jordi," meinte eg.
„Det bør me tru," svara Lensmannen. „Men her
er det den Ting, at me er ikkje rett med enno. Norig
er ikkje noko Land; det er eit Territorium som Svenskar
og Heimedanskar rivst um; og so lengi dei held so
paa kann ikkje Jordspursmaale koma upp; Folk slær
seg til Ro med Amerika til so lengi."
Ei Stund etter heldt han fram : „Me fær elles trøyste
oss med, at noko Pengevelde hev me ikkje enno. Lite
hev me sjølve aa fara med; og av framand Pengemagt
er her knapt anna aa tala um enn Hypothekbanken.
Men den kjennest for Bonden som ei rein Hjelp; han
kann træle for Hypotikken og endaa kjenne seg
sjølvberga. Det vert nok verre, skal me sjaa; og fyrr det
vert verst kann ein ikkje vente at eit Folk skal koma
til aa tenkje."
„Pengevelde sig inn-yvi oss so vidt no," sagde Tore,
„at me kjenner kva Leid det ber paa.
„Det var smaatt for Bonden fyrr au," heldt han
fram; „han sat ofte Leiglending paa Garden sin. Men
han klara seg betre likevel daa, av di han gjorde sitt
meste Arbeid sjølv, og greidde seg med mindre. Borni
au klara seg; der var nok ingin Pengearv; men paa
Farsgarden var dei heime til dei sjølve fekk seg Heim.
Og dette vart Farsgarden ikkje tyngd av; for dei greidde
for seg med Arbeid. Og so lærde dei aa arbeide au.
Og aa spara.
„Alt gjeng med Pengar no, som me veit; og daa
gjeng det lett; men det spyrst um det kann gaa lengi.
Det vert Skuld paa Gardane, men lite Arbeidshjelp,
som me alt godt kjenner til; Tingen er, at dei som
ventar Arven sin i Mynt, dei bryr seg mindre um
Jordarbeid; dei vil helst til Byen eller paa Skular. Og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>