- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
450

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

450

HEIMK0A1IN SON

baade han Far og eg," slutta Paal, „og lett er ikkje
Floken aa greide. Men no held eg meg til Meistaren;
Guds Lov maa upp att. Og er det som du Jens fortél,
at ho tek til aa vakne i sjølve Stormammonsrike
Amerika, so maa me kunna vente ei Vending."

„Kor mykje me kann vente veit eg ikkje," svara
Lensmannen. „Men Tanken kjem visst upp. Den
Boki du laante meg etter Bror din, Paal, er godt skrivi
og legg Tilstandi klaart fram; ho vil ikkje vera lett aa
sleppe ifraa, det eg trur."

„Det er den gamle Jord-Tanken, so vidt som eg
for-stend," sagde Tore.

„Den gamle Tanken tillempa etter Vilkaari no,"
skøytte Jens til; ,,i Tidir som desse er det millom anna
ikkje alle som treng Jord. Men dei som vilde hava
skulde faa, og det paa Vilkaar so alle vart hjelpte."

Han greidde ut Vilkaari, og svara paa dei Spursmaali
han fekk; det var forvitnelegt aa høyre paa. „Mot
alle desse sosialistiske og anarkistiske
Umveltings-Tankar," heldt han fram, „er dette ei Tillemping so
lettvinn og greid, at berre eit engelskt Hovud kunde
finne ein so skipeleg Utveg. Men Magti vil gjera
tjukke Øyro; og Mengdi vil seint høyre paa ein Mann
som gjer so lite Braak som denne Henry George."

„At den gamle Tanken kjem upp i Amerika er ikkje
rart," sagde Tore; „Pengevelde er so villt der burte
at Folk vert nøydde til aa tenkje seg um."

Dette vart motsagt; i Red Riverdalen og andre Stadir
var der mykje billeg Jord aa faa. Jens smilte;
„Jen-kien greider seg, so lengi han hev Indianaren aa røve
Jord ifraa; so i Amerika kjem ikkje Tanken upp so
snart. Heller maa han faa Tak paa Folk i gamle Land,
der Jordi er utskift, som i Bretland, der ho meir og
meir vert lagd ut til Sauebeite og Dyreskog, og der
Jordarbeidaren hev det mest endaa verre enn
By-arbeidaren.

„Men Pengevelde er seigare enn me tenkjer," heldt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0462.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free