Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
453
og ser at andre hev det godt, dei kjenner at dei lid
Urett; og skal daa ikkje alt bli meiningslaust maa den
Uretten jamnast; og han vert jamna, naar Lasarus kjem
til Himils og den rike til Helvite. Men Uretten hev
vorti so mykje større for Smaafolk no enn fyrr, at
Helvite au maa bli verre; æveleg maa det brenne, skal der
vera Hjelp i det."
„Det maa vel vera nok," meinte Paal, „naar den
rike vert pint til han hev betala den siste Skjerven."
„Det er nok," svara Jens, „naar Fatigmann fær tru
som Kyrkja lærer, at so langt kjem den rike aldri.
Det var annarleis i Jødeland, der dei trudde paa
Tusund-aarsrike; me som veit, at i Staden for Tusundaarsrike
kom Pavedøme, og i Staden for Gudsrike Pengevelde,
me lyt hjelpe oss paa vaar Vis.
„Det skynar ein Lensmann," heldt Jens fram, „naar
han er ute og eksekverar og auktionerar og driv
Armingar fraa Hus og Heim; hadde ikkje Armingane
Helvite daa til aa sende Lensmann og Fut og heile
Hurven ned i, so fekk me fleire Draapsmennar enn me
kunde skaffe Husrom til."
„Jesus let Lasarus bli sæl og den rike pint," svara
Paal; „no er det likso snart Lasarus som vert pint og
den rike som vert sæl; kann det trøyste Folk?"
„Naar Presten sender den rike til Himilen," svara
Jens, „so trur ikkje Folke noko større paa det. Det
veit og, at Lasarus kann koma til Himils like godt, um
Presten ikkje held Gravtale; den fær mykje tilgjevi som
leid mykje, tenkjer Folke. Og so lengi me ikkje kann
skaffe det likare Livsvilkaar, so fær me lata det trøyste
seg so. Tankane vert nok ljosare, naar Live letnar."
„Det maa me tru. Kome ditt Rike!"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>