- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
486

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

486

HEIMK0A1IN SON

Ei hyggjeleg Kaffistund kom; det var Kvinnfolki daa,
som helst førde Orde. Og dei rødde um alle Ting i
eitt, men mest um Husstell; den unge hadde mangt
aa spyrja um, og dei gamle, serleg Enkja, visste
mykje; inn-imillom kom Mannfolki med Lentur og Skjemt.

Sidan var det den endelause Politiken. Det eg
hugsar av den er, at han Svein der aust rødde um
„Krigen med Sverig"; var det so at me skulde faa
den, tru? „Me maa no kje tru so gali," svara
Lensmannen. „Det vert daa meir og meir Utgiftir til
Hér-stelle," knurra Trond. „Og meir og meir av den beste
Arbeidstidi gjeng burt til Eksis," heldt Svein fram;
„og slikt kann ikkje spaa godt, det eg trur." „Det er ille
med den Eksisen," sagde Jens; „men det er det, veit du,
at vil ein hava Fred, so maa ein vera budd paa Ufred."
„Ja at ikkje Vaarherre kann hava ei Raad med denne
Ufreden!" sukka Kona hans Svein. „Aa, det er all denne
Syndi som maa hava si Straff," sukka Kona hansTrond.
„Ja du kann so segja, Malli," sagde Lensmannen.

„Vaarherre vil at Folk skal lære aa halde Fred
sjølve," tok Paal fram-i; „og ein Gong lærer dei vel.
Me Smaafolk fær stole paa, at det er i Verdi som i
Ulvestogo: um Skrubben lurer paa Sauen, so lurer
Gaupa paa Skrubben att, og Reven paa Gaupa og
Bjørnen paa Reven; og so tor ingin glefse til; dermed
fær Sauen Fred til so lengi; men jamenn trengst det
at han hev godt Tolmod."

„Folk maa vel lære aa rekne ein Gong," meinte
eg, „so dei ser at Krig ikkje løner seg, korkje for
Vinnar eller Tapar?" — „Det kjenner kvar seg,"
smilte Jens. „Det er som i eit Fantebøle: den eine
kann ikkje tru den andre, og so maa kvar for seg tru
paa Kniven." „Det er den villaste Daarekista Verdi
hev set," sagde Paal; ,,i Staden for aa liva av det
me avlar legg me det burt i Vaapn og svelt. Mykje
betre var det fyrr, daa Verdi hadde ei Stormagt um
Gongen; no hev me fire Stormagtir jamsides kvarandre,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0498.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free