Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
489
den som vil vera stor skal vera Tenar, sagde
Meistaren ; den fær Rett som gjev Rett." Ragnhild saag
storøygd paa Paal; „ja so er det," sagde ho stilt; ho
gav sin Ægteherre Handi og smilte.
— Fyrr me slutta heldt Paal ein litin Tala til
Grannane um det nye Folke som var komi til Gards; og
han ynskte at alle her paa Hove kunde samstavast og
samtrivast, og at alt vilde gaa so godt paa alle Maatar
som han visste at desse unge gjerne vilde det skulde
gaa. Lensmannen helsa det nye Hovefolke velkomne
til Bygdi. Det var gamalt Hövefolk som hadde vori
ute og yngt seg uppatt, sagde han, og fengi ny
Ungdom med seg; no gjekk denne Ungdomen til Arbeide
med ny Kraft og friskt Mod; og no for Tidi var det
ikkje mindst Mod som turvtest. „De hev lært det som
trengst, og hev Hugen og Viljen til aa nytte det de
hev lært; av den fyrre Hövemannen, han Paal, vil dé
dertil faa god Hjelp; og naar gamal! Røynd og ung
Framhug slær Lag, so er Vonine so gode som dei
kann vera. Velkomne til Hove og til Aase Gjeld,
Einar og Ragnhild! Gjev de maa vera eit
Fyri-døme paa, at Ungdomen i det heile tek til aa søkje
heim att!"
I godt Heimeøl vart Heimkome-Skaali drukki, og
med Handhelsing tok me alle imot det nye Gardsfolke.
Dei unge takka. Einar sagde, at med Morbror Paal
til Hjelpesmann, og med godt Grannelag, maatte alt
gaa godt, so sant dei sjølve var som dei skulde ; „og som
me alt kjenner oss heime paa Hove, baade Kona og eg,
so skal me vel og etterkvart bli heimekjende i Bygdi."
— Lage skildest; den gamle Garden gleid inn i si
nye Tid.
Underleg tekin, baade sturvorin og glad, tok eg meg
ein Sving ned-yvi Ækrune og fram-etter Foren; det
var maaneljost og stilt og vent; og eg saag vidt
ned-yvi Heialandsvatne og Markine. No er eg ferdug her
au, sagde det i meg. Far vel, du gamle Gard; dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>