Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang
laag Sandstrand.
Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt
og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i
veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi
av Storstormane fraa Nordisen og kanalen, køyrande
sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so
Skum-skavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone
fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot
Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og
Dyn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.
Upp fraa den laage Sandstrandi tøygjer seg eit armt,
graatt Land med lyngbrune Bakkar og bleike Myrar,
yvi-saatt med Kampestein, trelaust og berrt; avstengt
mot Aust med ein lang, laag Fjellgard. Endelaus
synest den nakne Hei. Men her og der blaanar ei einsleg
Tjønn, som ligg og gror att, eller eit stort, stilt Vatn.
Her susar Vinden Dag og Natt. Og Graa-Vere ligg laagt
yvi Viddi, der Haren rømer fraa Stein til Stein og
allslags brun og spettut og vill Fugl ligg i løynde Reir
og blinkar og blundar.
Yvi det heile spanar Himilen seg vid og graa, fraa
Fjellgarden til Havs og so vidt ein ser, — det einaste
ljose yvi Tilvære. Den hev ein for Augi kvar ein gjeng.
Full av Skyir og Storm heng han mest alltid. Stundom
7
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>