Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sig han aat Jordi og sveiper Lande i Regn og Skodd som
i ein Duk. Og det regner og regner til Lande fløymer.
Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus
ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti
hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og
Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei
burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi
skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som
Øyar i Lyngviddi; kvar Bite og kvar Lepp er avstengd
og innlødd med Steingjerde som lange Røysir.
I desse Heimane bur Folke.
Det er eit sterkt, tungt Folk, som grev seg gjenom
Live med Gruvling og Slit, putlar med Jordi og granskar
Skrifti, piner Korn av Aur’en og Von av sine Draumar,
trur paa Skillingen og trøyster seg til Gud.
n.
Kald og roleg laag Haustdagen yvi Hav og Land.
Det leid imot Kvelden.
Himilen var graaslørd, Soli burte attum Tökebakken
i Vest; her og der laag lange blaae Strimeskyir og
kvilde.
Det hadde blaasi i Dag, men var avstilna att, som
ofte mot Kvelden. Det var so stilt, at ein kunde høyre
sitt eige Andedrag.
Myrkningi kom sigande blaa og kald. Sus av Æar
og Bekkir skar kvast gjenom Lufti. Høgt yvi Heiane
siglde tvo store svarte Fuglar mot Vest. Langt inne i
Nordaust mekra Røssegauken, kneggjande som ein
Helhest.
Det kvakk i han Enok Hove, der han skrangla ned
Haalandsbakkane paa Bykjerra si. Denne Djevlelaaten
8
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>