- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
26

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein Eim gjenom Stovune av Sveitte og Tobaksrøyk.
Talgljos i Stakar og paa Veggine i gamle Messingskjold
gløste i den tette Lufti liksom dei sov. Alt tumla seg
i Halvmyrkr og Halvørske. Og det var ei Stiming ut
og inn og att og fram, Sjangling og Tvinting og hotande
Hendar; gamle Uvénir laag um Halsen paa kvarandre,
og gamle Vénir rauk ihop og slost; Laatt og Rop og
djerve Ord skar haasmælte gjenom Staake; no var det
Bryllaup, no var det Høgtid; alle var glade og alle
kaate; kvardags Sorgir var burte og gløymde; Folke
kjende seg for ein Dag fritt.

Men ute paa Tune laag Napolon Storbrekke og
spydde. —

— Enok og Anna gjekk heim, so snart dei hadde
drukki Brurskaali. Det hadde vori Uraad aa halde seg
fraa Drikka i Dag; Enok var tung i Kroppen og ufysin
i Samvite. Men Gudskjelov; no var det slutt.

No fekk Gud gjeva’n den rette Angeren. Han prøvde
alt i Kveld; men det vart kje noko av det. Djevelen
laag heile Tidi og kviskra um, at han var daa kje verre
enn andre. Ja han var betre enn baade den og den.
Men det var det, det galdt: aa vera den verste av alle
Syndarar. So lengi ein ikkje var det, men vilde mæle
seg med andre og finne ut noko aa orsaka seg med, ja
kannhende aa gjera seg til av, so lengi var ein
ubot-ferdig, og so lengi var Vegen til Naaden stengd.

Han sukka so tungt, at ho Anna var aat og vilde
spyrja kva som vanta; men ho heldt seg. Det var
nok ikkje noko som ho kunde hjelpe’n med dette, var
ho rædd.

— Dei var kje i Bryllaupe sidan. Men Sturingi hans
Enok heldt paa.

Det var nokre Dagar etter; dei sat ved Borde og aat
Nonsmaten.

26

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free