- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
27

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var Mort og Flot. Men endaa var det stilt ved
Borde.

Han Hans, Drengen, og ho Marta, Gjenta, hadde haldi
Drøse uppe ei Stund, og ho Anna hadde hjelpt til; der
var nok aa røde um no, like etter Bryllaupe. Den og
den hadde vori so og so full; han Napolon Storbrekke
hadde vorti attfunnin um Tridjedags Morgonen i Fjose
hans Enok, i Kalvebaasen; dei og dei hadde slegist; den
og den Guten hadde haldi seg so mykje ihop med den
og den Gjenta, at me vel snart kunde vente eit Bryllaup
til; — «daa visst eit Barsøl». Men dei kunde røde um
kva dei vilde, so sat Enok og tagde som han var dauv.
Dei andre hadde daa og etterkvart tagna.

Ute gnog det og blés; Himilen var graa og
haust-tung. I Hagen burtanum Vegen stod Tréi nakne og
vaate og svinga og song. Av Fuglar var det kje att
anna enn ei Skjor her og kvar, eller ei tungt flaksande
Kraake.

Daa høyrdest det Treskostig i Gangen, og Døri gjekk
upp stilt og smaatt. Det var han Per der nord,
Grannen. «Velbekome Spissen,» sa han stilt, og sette seg.

Det var ein litin raudhærd, blidsleg Mann, smaaøygd
og smaaleitt, med Sydvest paa Hovude. Den strauk
han av seg i Dag; der var i det heile noko høgtidsamt
med han. Han kunde sjaa ut som han kom med ei
111-segn. Liksom til Ærend hadde han eit Par Avisblad
under Armen.

Dei hadde sagt det som segjast skulde um Vere og
Aarsavlen; so gav han Per Bladi fraa seg med høvelege
Orsakingar for han ikkje hadde sendt deim hit fyrr.
So vart det ei Togn. Per sat aa sukka; dei andre venta.
Det saag nok ut til at dei skulde faa høyre Nytt.

— — «De ha vel kanskje ikkje høyrt gjeti dette
vonde som hende i Dag, dé,» — kom det endeleg.

27

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free