- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
82

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

steig Angar so ljuve og varme, at dei kom som i ein
linn, lat Rus. Og dei var hugleg© mot kvarandre og
drøsande. Ho Jorina lærde han Gunnar eit nytt Maal.

Ja heitte Jedeva, nei Nedevei; Hedevövedeve var
det same som Hove. Gunnar øvde seg og prøvde seg
og kunne snart segja heile Setningar. Og no skulde
dei snart kunna segja kva dei vilde, um so han Far
stod og høyrde paa.

Men Jorina var rædd han vilde spyrja kva dei sagde.
«Og daa er det kje godt aa ljuga so der vert Meining
i det.» Det var altfor sant. Det hadde kje han Gunnar
tenkt paa.

Han laag paa Knéi og prikka upp Smaastein med ein
Trepinne; «den som kunde gjera seg usynleg,» ynskte
han.

Jorina stod med Riva og raka Rusk og Bos, som ho
hadde uppi eit Trog til Burtbering; «det er berre dei
underjordiske som kann det,» sagde ho.

Dei kom i Drøs um dei underjordiske, som Gunnar
ikkje kjende noko vidare til fyrr; og det gjekk smaatt
med Arbeide.

«Kvifor kann dei underjordiske gjera seg usynlege
og ikkje me?» — «Ja du maa so seia. Det hadde nok
vori gildt.» — «Ja; og godt au, stundom.»

«Kan Lygtemannen gjera seg usynleg?» — «Ja han er
usynleg, han. Det er berre Ljose, me ser; og ikkje det
heller alltid.» — «Hev du set han?» — «Ja. Um
Kveldane, naar det er myrkt, gjeng han ofte og flakkar ned-i
Heialandsmyrane. Det skal vera ein stor Skatt nedgravin
der, segjer dei. Men det trur kje ho Mor. Ho trur at
det er drepi eit Menneskje der, og nedgravi. For dei
drepne spøkjer, naar det ikkje er komi upp kven som
hev drepi dei.»

Um dette fortalde ho Jorina ei grysjeleg Sogu. Dei
gløymde Arbeide baae tvo. Jorina raka berre paa lik-

82

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free