- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kaate av Elskhug, drukne av Solskin; det glima i Vengir
og kvite Bryst og spradda og spratt av Letthug og
Vaar-sæle. Høgt uppi Lufti ender og daa ein Maake eller
tvo, som rodde i svevnuge Tak utyvi til Havs, med
smaae, glade Godvérsskrik; so var det eit Par Efuglar
eller Endar, eller ein Löm, eit Hegrepar, ein Flokk
Vill-gjæsar, framande, fornæme Fuglar, som hasta med lange
lengtande Halsar mot Nord, til løynde, logne Holmar
og Vatn, langt burt, langt burt, dit ingin kunde fylgje.

Yvi Myrane tumla Viba i kvasse Kast med eldfulle
Skrik som Tonar fraa ein Felekvint. Og det skimta i
kvite Silkebryst og rikta og lét av breide Vengir. Paa
einslege Tuvur i Lyngheiane sat Heluna brun med
fløyelssvart Bringe og lokka med klaare klagande
Fløyte-Ljod; Snipe og Raudstelk og annan Myrfugl
sprang nett og lett paa raude Føtar og ropa til
kvarandre; og for fyrste Gongen i Aar høyrdest Gauken i
Lundane ovanum Storbrekke.

I Aust stod Fjellgarden blaa og fin, prydd som til
Helg, ny-tvegin. Flatlande breidde seg utyvi og nedyvi i
lange Drag, brunt og varmt, innhildra i linn mjuk
Vaar-eim. Ytst ute Have som eit skinande bleikt blaatt Band.

Og det gjekk som ein Sukk gjenom Skapningen, at
no var det Vaaren! No skulde me faa liva endaa ei
Stund, liva og leike, liva og stræve, ei lang Stund, ei
lang Stund, so lengi me kunde, alt til Vinters.

— Gunnar og Jorina gjekk i Kuhagen og rudde Engi.
Han Far var paa Aase i eit Møte og ikkje heimventande
fyrr til Nons; og Arbeide var lett og Dagen fin; dei
var i eit Godlag so dei kjende seg kje sjølve.

Soli kosa deim i Ryggen og kitla deim i Halsen, og
heile Verdi var ljos og varm. So stygt dei elles totte
her var, idag var her mest fagert. Fraa Eng og Myr

Heluna: heilo.

6 — Garborg IV.

81

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free