Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
talde ein Gong noko som ho hadde høyrt av han gamle
Vidkunn i Ramstad-Træe. Det kom eit stort Fantefylgje
dit ein Gong; i det Fylgje var der ei gamal Kjering, ei
utgamal ei, so skrukkutt og gul som Hodn. Denne
Kje-ringi sat paa ein Stol i ei Kraa og sukka so tungt; «aa
ja — ja,» sa ho; «aa ja — ja». «Kva er det du sukkar
so tungt for, du daa?» spurde Kona i Huse. «Aa,» sagde
Kjeringi, «den dreg Anden djupt, som snart skal Anden
sleppa.» Same Kvelden drog Fantefylgje yvi Heiane.
Ingin saag noko til dei fyrr Dagen etter; daa var dei
innum paa Vea langt nord i Nes Sokn. Men daa hadde
dei ingi Kjering med.»
«Kanskje det er ho, som ligg i Heialandsmyri ? —
Men Fantane kunde daa ikkje drepa henne. Hadde dei
kje fengi Straff daa?»
«Det er ingin som hev Greie paa Fantane. Han
Morbror Aasmund segjer at dei grev gamle Folk ned levande,
naar dei er leie av dei. Det er vel med Fantane som
med Frimaurane; dei gjer kva dei vil. Dei hev selt seg
til Hin-Mannen; og so kann ingin naa dei.»
Ei Huing høyrdest; det var ho Serina som ropa heim
til Nöns. Dei saag paa kvarandre; Gunnar bleikna. So
lite hadde dei gjort i heile Dag. Kva skulde dei no segja,
naar han Far spurde? —
Ei Glede venta dei heime: han Far var kje attkomin.
Men paa Vollen millom Heimehuse og Løda laag der eit
Fantefylgje. «So kann det gjerne henda han Far gløymer
aa spyr ja etter um Arbeide vaart au!» meinte Gunnar;
— det var hus-kjende Folk, desse Fantane her.
— Han den vesle blaaklædde med det biksvarte
Tjafse-haare og det lange, gulbrune Andlite, og so Augo som
glyrde so rart, og som ein sjeldan fekk sjaa, det var han
Tomas, Fante-Tomas, Hovdingen for Fylgje. Han sat og
Træe: Trø. —Hodn: Horn.
84
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>