- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
85

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hamra paa eit Blekkspand, so Dusken dansa i Toppluva
hans.

Dei andre tok det i Mak. Ho Gunhild, Kjeringi, sat
paa ein Skammel midt imot Tomas og røykte paa ei
Kritpipe; jamsides henne, paa Marki, sat eit yngre
freg-nutt Kvinnfolk med eit Spøt. Store svarte Olaves
Didriksen, Bror hennar Gunhild, laag so lang han var burtetter
Vollen og léta seg; ein Flokk Ungar flaug rundt og
gjorde gildt, ylande av Glede som smaae Vargar.

Tomas var Kam?Makar og Blekksmed og kunde binde
Vevskeiir og gjera Fiskekrokar; og han tente so mykje
med Arbeide sitt, at med det til, som Kjeringi og dei
andre tagg ihop, kunde Flokken klara seg utan Spaning.

Og det var det beste i fleire Maatar, meinte Tomas.
For det fyrste var Lensmennane svært gløgge no for
Tidi, so det var vandt aa sleppe ifraa eit Spaneba med
det gode; og for det andre var Tomas ein boklærd og
klok Mann som ikkje vilde ha noko Tjuveord paa seg.
Det skulde ingin segja at Tomas Fredriksen stal seg
fram; og ingin skulde stengje Husi sine for Fylgje hans,
av di dei fælte for Sylvskeiine sine. So skulde og hans
kjære Son Carolus Magnus aldri turve skjemmast av Far
sin for den Skuld; um nokon sagde til han: «Far din er
Fant», so skulde han kunna upplyfte sitt Hovud og svara
med Sannings Ord og Reson: «men Far min er ærleg.»

Tomas var ein merkeleg Fant.

Han hadde lesi alle gode gamle Lærdomsbøkar, Sakso
Grammatikus, Olger Danske, Karl Magnus og andre, og
so Bibelen, Lars Linderoth og Knud Spødervoll. Han
var konfirmera med god Kristindomskunnskap paa Tukt-

S p ø t: Bunding. — Gjera gildt: leike. — Spaning
(Tatermaal): Steling (= Spaneba). — Knud
Spødervoll: Ein Bonde paa Vestlande som høyrde til dei
sterkt-truande og skreiv Bøkar til Forsvar for denne Sekti.

85

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free