- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
87

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«hvo dette tror eller ikke tror, han synder ikke derved.»
Men dei Ordi kunde kje staa, dersom noko i Boki var
Lygn. For trur du ikkje at du syndar, naar du trur noko
som ikkje er sant? — meinte Fante-Tomas.

Han visste inn dei fem Jordbolkane Auropa, Asien,
Amerika, Ægypten, Oranien eller Ny-Holland. Han hadde
høyrt gjeti at Jordi skulde vera rund, men det trudde
han ikkje. Han kunde kje faa det til aa høve med Guds
Ord, og ikkje med den naturlege Tankegangen heller. So
sagde au Knud Spødervoll at Jordi var flat, og like eins
Luther, som daa var ein høgt upplyst Mann i alle Guds
Forunderlegheitir. Um Sol- og Maanemyrkjingar visste
Tomas god Greide. Derimot forstod han ikkje at Maanen
vaks og tok av. Dette var ein av dei store Løyndomane,
som det ikkje var oss Syndarar forlenet aa skyna. Men
eit av dei største Syntom eller Forestillingar av Guds
Visdom, det var, at naar ein saag vel paa Maaneskiva,
so vilde ein der sjaa Adam og Eva med Kunnökapstrée
imillom seg; dei var sette der upp etter Dauden til aa
minne alle Folk til alle Tidir um det store Syndefall.
Guds Visdom hadde sét, at Menniskens Børn hadde godt
av aa hava denne Avmindelsen for Augo, serleg um
Nætane, daa den gamle Adam var verst. —

— Men Tomas var i serskilde Anfektelsar i Dag. Det
galdt hans kjære Son Carolus Magnus.

Denne hadde ervt etter Far sin eit flytendes Talent
og eit høgt Sjeni; og han skulde bli Folk og slutte med
Fantelive. Det vart daarlege Tidir for dei Reisande no;
so at den som kunde koma fram paa skikkeleg Vis, so
var det baade betre og tryggare. Fyrst hadde Carolus
vori hjaa Simon Ramstad og gjætt. Der hadde han
idagelagt slikt eit Talent i Boki og i Lærdomen, at
Presten Meier sjølv hadde teki han til seg. Og Guten
vart komformera daa han var trettan og eit halvt Aar.

87

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free