- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
86

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

huse i Kristianssand; dei hadde tenkt paa aa døype han
au, men ikkje vaaga dette, daa det var rimelegt at han
var barnedøypt ein Stad uppi Sætesdalen. Paa Tukthuse
var det han fekk Sans for aa lesa og tenkje; og sidan
hadde han baade lesi og tenkt, og hadde funni ut mange
merkelege Ting paa sine lange Vandringar. Han var ein
av dei faae som tilgagns forstod Profetane, og han var
kannhende den einaste som visste, kva Syndi mot Anden
var; men det torde han ikkje seg ja.

Fante-Tomas hadde i det heile Greide paa dei fleste
Ting, og serleg paa alt som var løynt eller gaatefullt.
Læra um dei Underjordiske eller Tussefolke grunna han
paa det Gudsorde i 1ste Moseb. 2, 23, der Adam segjer
um Eva: «denne Gang er det Kjød av mit Kjød og Ben
av mine Ben.» Kvi sagde Adam «denne Gang»?
Jau; han hadde havt ei Kone fyrr. Men denne Köna
hadde vori av eit anna Slag enn Adam, og so hadde Gud
set at det nok ikkje vilde gange godt millom dei tvo.
Daa støytte han henne og Borni hennar ned i Jord; og
der hadde dei livt sidan som ei Ætt for seg sjølv. Dette
hadde hendt fyri Syndefalle; dermed kunde me vita, at
Tussefolke var frie for Synd. Av det kom det daa, at dei
kunde gjera seg usynlege. Det var fleire av deim enn me
trudde, og mang ein Gong vanka dei midt imillom oss.
Dei hadde sine Kyrkjur og Prestar liksom me; men av di
dei var syndfrie turvte dei berre det gamle Testamente.

Mange underlege og utrulege Ting hadde hendt i
Verdsens Tidir; og dei vart ikkje mindre forunderlege, naar
Tomas fortalde deim. Fleire Sogur i Karolus Magnus
hadde han vori i Tvil um han skulde tru; han totte dei
vilde koma i Strid noko med Guds Forsyn og
Bestemmelse. Men han var komin til det at han laut tru deim
likevel. Det som hadde ført han til denne Tankegangen
var Slutningsordi i Boki. Desse Slutningsordi lydde so:

86

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free