- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
89

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var sjølv ein klok Mann. Og naar han saag, at Fanten
var likso bevandra i Skriftine som han sjølv og meir til
— for Tomas skulde nok finne ei Aspekt til aa setja han
fast i —, so kom han til aa faa andre Tankar um Tomas
og Ætti hans, og gjera seg ein betre Teori um Carolus.

Og so hadde Tomas noko tilslutt som han visste skulde
slaa, noko som Presten Meier hadde sagt: at med Guds
Hjelp, og etter Eilert Sundts djupe Raadslagningar, so
kunde det bli Hus og Heim aa faa for ’n Tomas au,
dersom han vilde. «Det kann kje bli so lengi fyrr eg sit
paa eit Stykkje Jord eg au, um det er det som skal skilja
millom Fant og Folk i denne Verdi!»

XII.

Det tok til aa skümast. Enok sat ved Borde og aat.

Inn kom Fantane ein for ein, helsa og søkte aat
Omns-kraai. Sistpaa kom Tomas. «Godkveld, og Gud signe
Spissen,» helsa han vyrdsamt.

Han var smaavaksin og mjukléma, og mjuk og
slengje-leg i Gang og heile Ferd, lik ein Villmann som er ukjend
med Tungarbeid. Det var som han leika med Lémine
sine naar han gjekk, lagde deim hit og dit og kor han
vilde; det vesle Hovude laag og svinga paa sin magre
brune, frambøygde Stylk til Hals og lagde seg fraa den
eine Aksli til den andre liksom kjælande. Andlite, som
i Grunnen var godslegt, hadde Tatersvipen, dette
snikjande, lausvorne, uvederheftige, snart og lett skiftande
fraa heilagt Skalke-Aalvor til villt Løgje; men naar
Tomas rødde med godt Folk, saag han høgtidsam ut,
liksom han var høgtidsam i sin Tale.

Han sette seg paa Stolen framanfor Omnen; tok so til
aa tala, i Høgtidstone og lange Drag. Kor han vilde av

89

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free