Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
var vandt aa gjéta; han tok til med Vére og Guds
For-underlegheitir i Naturens Bok. Mæle var mjukt som heile
Mannen, syngjande upp og ned etter ein urimeleg høg
Skala i utrulege Tonefall. Ein kunde høyre at han var
fornøgd baade med seg sjølv og med Tala si; og han
gjorde seg fyri med aa tala utsøkt og fint, og sputta
brunt naar han hadde sagt noko vigtigt; for Tomas togg
Tobakk som ein Geitebukk. Han lika godt aa antrast
um høge Ting; og Hovude reiste seg paa Stylken som
eit tomt Aks, og han slog med Nakken og Augo spéla;
Andlite strama seg upp og vart strengt, og Talen
forunderleg tilgjord. For sine mange, kloke Tankar og
Fyri-syningar hadde han funni Ord, som tidt ingin utan han
sjølv kunde greide; og han hadde sett mang ein klok
Mann fast, ja mang ein Prest med, baade i Lovi og i
Bibelen, og elles i mange Anskuelsar og Aspektir.
Enok svara ha og ja. Han kunde kje med Fantane.
Dei var kje som anna Folk. Dei hadde noko med seg
baade i Ham og Haatt, som var so reint serskilt ulidande.
Noko laust og sleipt og brunt og glatt, noko av Orm og
noko av Aal, ja stundom beint ut noko djevelskt. Ikkje
ein ærleg Tone var der i deim, og ikkje eit sætande Ord;
alt var falskt og lygnskt og løynskt; og det fylgde ein
Udaam med deim, ein Tev av dyriske og fælslege Lystir
og Syndir, liksom dei paa ein serskild Maate var i Pakt
med Sattan, Tomas var langt ifraa av dei verste; men
Lage var der; denne glatte Tunga kunde aldri segja anna
enn lause Ord. Det var reint stygt naar han kom inn
paa aalvorsame Ting; i Fantemunn var alt vanheilagt.
Stundom tenkte Enok at Fantane kunde kje hava Sjæl;
dei var kje Folk men forklædde Dyr, Apekattar og Revar
i Folkeham. Halvmennar, Halvdyr or myrkare Heimar;
so kunde dei kje heller tala som Folk; ein kunde skilja
dei ut, berre dei opna Munnen. Og kva dei kunde hava
90
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>