Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjerne; han visste han fekk ei Kringle sjølv, naar han
kom heim att. Ei serskild Glede hadde han i slike
Tilfelle av aa ljuge for Fanteguten; for Carolus maatte
kje heller vita noko um dette.
Men ein dag utpaa Hausten hende det noko uventande.
Gunnar hadde vori hjaa Landhandlaren. Daa han kom
aat Matbui og skulde ha Kringla si, stod Carolus
der-inne. Gunnar til Mor si: «han Carolus er i Matbui;
han hev teki ei Kringla!» Men ho Mor berre hyssa paa
han; ja ho var mest vond. «Du er so forhatig paa han
Carolus, du; men Carolus hev vori glup i Dag. Berre
gakk inn til han, du; so skal du og faa Kringla.»
Kviskrande lagde ho til: «og so skal du vera snild med han
Carolus.» Gunnar stod som torefortenkt. Dette kunde
han ikkje skyna. Skjemd og forundra drog han seg uti
Matbui att; — «no, kva fekk du for Besingi di?» spurde
Carolus.
Etterpaa vart Ungeflokken styrd aat Løo; dei skulde
faa leike seg i Dag, daa her var «fritt». Dette var
Gunnar so glad fyri, at han tok alt for godt.
Og det viste seg no, at Carolus kunde vera løgin.
Skulde aldri ha set so rart som han kunde skapa seg
til. Han var «vill Mann» og fekk deim til aa læ mest
meir enn dei hadde godt av. Sidan fortalde han Eventyr
for deim; og Sogune hans var mykje gildare enn Jorina
sine. Tvo Eventyr fortalde han; so var han leid. Det
kunde mest vera verdt aa gjera seg Godvénir med
Fanten; so fortalde han vel fleire.
— «No vil eg vera Prest!» sa Carolus.
Det var Gjentungane med paa. Han fekk
Under-stakken hennar Jorina til Prestekjole; tok so til aa
preike. I Fyrstningi var han aalvorsam; «mine kjære
torefortenkt: naamin av Forundring. — Besing:
Fisling, løgin: løgleg; morosam.
7 — Garborg IV.
97
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>