Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han hardt, so rømde han vel berre. Som vel var kunde
Gunnar no spenne meir i; og so fekk me sjaa, um ikkje
Ærekjensla vilde vakne i Carolus, so han ikkje lét
Gunnar, som var yngre, gjera Skam paa seg.
So vart han Enok endaa strengare mot Gunnar enn
fyrr. Alt skulde Gunnar gjera: «du Gunnar kann maaka
Fjose»; «du Gunnar kann bera inn Torv.» Men til
Fanten lyddest det so fjaagt: «og kanskje du Carolus er
so glup at du hjelper han Gunnar litegrand?» «Og
kanskje du Carolus gjeng av og ser etter Øykine, du?»
Uh! det var ufysi; Gunnar sputta. Denne søtblide Tonen;
denne Høgtidi, der skulde vera —; det var so
for-luktande! Og denne Fanten. I Fyrstingi hadde Gunnar
vori rædd han; Fantane var Heidningar, hadde ho
Jorina sagt. Men no vart det Hat ög. Slik som Carolus
gjekk og sleikte og smeikte for han Far, og snakka so
søtt, ja gudelegt — uff! og laug, so det rann or han,
— aa, det var fælt. Men so snart han var ute or
Augne-syni hans Far, so berre gjekk han og spanta med
Hen-dane i Broki og plistra! Og aldri at han fekk Vondord;
neidaa. Og Ris — haa! Fantegutten Ris! Nei, berre
eit Par søte Ord i denne Bløytetonen —: «det var daa
leidt, at du ikkje vart ferdig, Carolus, du, som er slik
ein glup Kar. Han Gunnar fær hjelpa deg litegrand
daa.» Ja tenk-kje han Gunnar! Han Gunnar var god
til alt. Ikkje turvte Fanten gaa i Skinnbrök heller.
Ungen gjekk og arga seg som ein vaksin; den einaste
han fann rimeleg var ho Mor. Ho heldt litegrand med
han stundom. Og hjelpte ’n naar ho saag seg Raad.
Noko anna var og komi upp i det seinste. Naar han
Far var i Byn, og ho Mor bad Gunnar gaa til
Landhandlaren paa Aase med ei Mark Smør eller slikt, som
han skulde faa Kringlur og Kaffi fyri, so gjekk Gunnar
tenk-ikkje: «naturligvis»; kvifor ikkje.
96
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>