Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sette Flokken til Vers med eit Sus som ein Stormvind,
slo seg ned i eit Raunbertre og fekk seg Mat.
Snart vart Skurden i Gang, og Laatepipur lét rundt
alle Aakrar. So kom den siste store Basken med aa
faa Epli upp; og daa det var gjort, saadde dei Rugen.
So var Sumaren til Endes for i Aar. Dei berga i Hus
Arbeidsgognir og Køyregreidur og drog inn Ledstengsle
og Grindar. Enno var Kyrne ute her og der; gjekk og
trødde i Heimehagane og gnog paa den siste Haavoni.
Men helst søkte dei Live att-under Gjerde og Husveggir;
der stod dei og smaakulsa; lengta i Hus dei med;
drøymde um Vinterfred og logne Baasar.
Regnvinden saug og taut i Nov og i Vegg; no hadde
han fengi Haustgraaten i seg. Og Himilen hekk
modlaus og graa og vaska og trafsa med tunge Regnfloir.
— Enok var den einaste som ikkje hadde fengi Epli
upp; han dreiv med so lite Folk, at han alltid vart seint
ferdug. Men no hadde han berre att ein Teig utpaa
Aarvollen, og den var so litin, at Gunnar og Carolu3
kunde klara han aaleine til Nons. So kunde Enok faa
pløgje litegrand; og ho Jorina kunde faa hjelpe henne
Anna med aa kinne.
Gunnar og Carolus stræva det dei vann; «ikkje eit
Ord no!» — det skulde vera so gildt aa bli ferdug med
Haust-Stræve. Men Epleteigen vart drjugare enn dei
hadde tenkt; og Carolus tok seg ender og daa ei
Kvilestund.
«Ufyse Stræv,» knurra Gunnar; han grov i den vaate
Moldi med Hendar so raude som Humrakløar.
«Aa ja,» sa Carolus. «Eg trur nok eg kjem til aa
fara til Sjøs likevæl, eg.»
«Ja det trur eg væl. Det vil eg au; men du maa kje
segja noko.» — «Ikkje du heller.» — «Langtifraa.»
kinne: kjerne.
99
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>