Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
–«Hyss, kva er det?»
Stygge, haase Skrik høyrdest; eit villt fælt Skravl av
rædde Maal høgt uppe i Lufti; — det var Graagjæsane.
Kavande i Vinden, i stor, uroleg Trikant, stemnde dei
mot Sør.
«Aa tenk, no fer dei. Kor tru dei fer av?»
«Dei fer til Arabia!» sa Carolus.
«Aa, den som kunde vera med.» — «Skapa seg um
til Fugl og vera med, ja!» —
Dei stirde lengi etter Fugleflokken, som smaatt um
Senn graana burt i Skyine og kvarv.
«Kor ligg Arabia?» spurde Gunnar.
«Arabia?» — Carolus vart høgtidsam, so han liktest
Far sin. «Arabia,» song han upp, «ligg sju Gongir sju
Dagsreisir sunnanfor oss; sunnanfor Have og
sunnan-for Flandern og sunnanfor Spania og Keisaren og
Paven, ja sunnanfor der Blaamennane bur.»
«Aa—aa. Det maa vera langt.»
«Og Kongen der er den store Kaliffen Hadonald
Raskji; og han bur i eit Slott av drivi Gull. Men Sulane
i Slotte er av Marmor og Filsbein. Og Dronningi og
alle Hoffolki er klædde i Silke og Purpurduk; og midt
i Slotte er der eit Springvatn av Jaspis og Smaragd;
men det spring kje med Vatn; det spring med berre
straalande Perlur. Og Hadonald Raskji sjølv sit paa ei
høg Trune av skirt Gull med ein Kongs-Stav av Demant
og Jaspis og Ametyst, og skin som Soli yvi sitt Rike.»
Carolus hadde gløymt alt ikring seg; dei myrke Augo
lyste i Draum.
«— Der skulde me vera,» mulla Gunnar.
«Eg skulde ynskja eg var den simplaste Slaven der,»
sagde Carolus; «for den simplaste Slaven der er gildare
enn ein... Amtmann her; og han hev kje anna aa gjera
enn svinge Røykverk for Hadonald Raskji og spéla paa
100
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>