Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Bannar du enno, so gamall du er?»
«Hæh? — Du maa skrika ut naar du snakkar med
meg; eg høyrer kje meir enn Veggen.»
— — «Bannar?» Gamle-Salomon glodde kaldt paa
han Enok med sine gamle gulnande Rovfugl-Augo.
«Ja bannar litegrand, det gjer eg, og det er gali;
plistra og banna er Fanteskikk. Men elles kann du
passa deg sjølv, du.»
Han støytte Staven i Golve og rette seg upp: «er det
sant det dei segjer, at du hev vorti galin?»
Det kom so beintfram og sutalaust, at dei mest maatte
læ. Han var den same Skøyten enno, han Salomon.
«Det er kje noko aa læ aat,» kvesste han i; «for er
det sant alt det Folk fortel, so skulde du ha vori paa
Daarekista for lengi sidan.»
«Aa ja; — Jøderne ein Forargelse og Grækerne en
Daarlighed.»
«Hæ ?»
«Jøderne ein Forargelse–»
«Ja Forargelse, ja! Det kann du segja ein Gong til!
Er kje Verdi god nok aat deg kanskje? Hell trur du
det at du skal koma so mykje høgare i Rang i Himmerig
enn me, med di du gjeng og lavar med Øyro so
ukristeleg. Jagu totte eg ein Mann som du skulde ha betre
Vit!»
«Verdens Spott... skal me bera med Glede.»
«Hæh? — Det skal du slett ikkje! — naar du
fortenar Spott! Høh! Hev du kje høyrt um dei, som les
lange Bønir, at dei kann ansees av Mennesken; trur du
kanskje Vaarherre bryr seg um all den Bæktingi di?
Dei segjer du ligg og remjar og syng heile Sundagen,
akkurat hvorso Kjetta, naar ho ræer... Eg tenkjer
Vaarherre segjer som eg, han, at jagu kunde han Enok
Hove finna paa det som der var meir Gagn i!»
122
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>