- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
123

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Det naturlige Menneske forstaar ikkje dei Ting som
hører Guds Aand til; thi de bedømmes aandeligen.»

«Hæ? — Kom kje med Bibelspraak og Krussifiksar
til meg; eg er so gamall eg kunde vera Far din! Eg
hev sét meir av Verdi enn du; og at Vaarherre er slik
ein Kjeltring som Haugekarane trur, og du endaa verre,
det vil eg forsvara han imot; ja det vil eg. Me hadde
daa Prestar fyrr au; gamle Presten Juel var den beste
me hev havt, det segjer eg; men ikkje snakka han um
Helvite — for andre enn Kjeltringar og Skarv daa; for
der er Betterdø nok av dei som ikkje fortenar det
likare; men naar me liver som ærlege Folk og gjer det
beste me veit og kann; — er me kje Guds Skapningar?
Trur du kje han veit kva To der er i oss, — lengi fyrr
me kom til? — Skulde han kasta nokon i Helvite, so
maatte det vera slike som trur han so vondt, at dei trur
han vil fara aat soleis med Folk; og kjem du kje til
Helvite for denne Bæktingi og denne Remjingi di, so
kjem du Betterdø ikkje til Himilen; no veit du mi
Meining.»

Enok sukka. Stakkars gamle Mann.

Ho Anna kom inn med ei Ølkrus og baud Salomon;
han takka og drakk. «Takk skal du ha; du hev alltid
vori grei, du Anna.»

Snart etter reiste han seg og vilde gange. «Gakk ut
og ferd til Merri mi du, din Bankeskalle du er,» grylte
han til Carolus; denne gjekk. «Hæ—æh! hæ—æh! hæ
—æh!» lo Tullingen uppi Omnskraai.

«Nei men du fær daa drygja og faa deg noko Mat,»
meinte ho Anna.

«Nei gu gjer eg ei, Annamor. Slike som han der
uppi Omnskraai kann vera høvelegt Lag aat Mannen
din no; ikkje høyrer eg heime i sovori Barbari, ikkje.»

«Aa, du fær drygja litegrand,» studde Enok under.

123

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free