- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
157

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Enok kjende Harmhugen sin folna; han kom inn i
Tankar av eit tungare Slag.

Det var nok ikkje Presten han skulde arge seg yvi.
Presten fekk svara for sin eigin Domar; Enok kunde
hava nok med aa agte seg sjølv.

Han stod i Løo og treskte; svært so lite det hadde
vorti av alt Slag i Aar. Det var endaa verre enn ifjor;
Stadane var kje stort meir enn halvfulle. Kva kunde det
vera Gud straffa han for, i det eine som i det andre?

Han vart strengare i sin Kristendom enn nokon Gong
fyrr. Han spækte Sjæli med Orvake og Bøn og Kjøte
med Faste og stridt Arbeid; mødde seg meir enn han
hadde godt av; me skulde krossfeste vaart Kjøt. Kva
hadde kje Jesus löti lide? Og det han, som var syndefri!
Kor mykje vondt fortente daa kje me? Han spækte seg
sjølv og heile sitt Hus. Me hadde vori for late og for
trygge, so Kjøte hadde vorti for sterkt; difor var det
at Guds Hand hadde vorti so tung yvi oss. Tilbake,
tilbake til den fyrste Kjærleiken!

Som David gruna han paa Herrens Lov Dag og Natt.
Kva skulde han gjera, so han rett kunde faa hugmykje
seg for Herren og koma inn i den gamle trygge
Barnefreden? Han friska uppatt sine gamle Skikkar, i smaatt
som i stort. Men Tankane lieldt seg tunge og myrke.

Denne Gongen au hadde Gud forkasta Offere hans.
Beint fram og heilt ut forkasta det. Ikkje i minste
Maate hadde han signa Strævet eller høyrt Bønine hans;
kasta burt alt ihop som gagnlaust Skrap hadde han og
lati Enok staa att her til Spe og Spott for alt Folk. Det
maatte vera noko som var gali.

Ein Kveld utmot Vaaren, han stod i Løo og skar Hakk,
blenkte det upp for han som ein Elding: Gud hadde
forkasta Offere hans, av di det ikkje hadde vori noko Offer.

Lygn og Sjølvdaaring var det, naar han kalla det so;

157

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free