Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sløge Ord hadde han narra Enok med seg; Reidskap
ikkje for Gud men for Presten hadde Enok vori; og no
hadde Presten teki Æra, men Enok stod att med Skammi
og Straffi. Han arga seg so upp, at han vart verande
heime fraa Kyrkja tvo Sundagar etter kvarandre.
Ein fekk agte seg for dei store. No hadde Presten
teki til med noko nytt: han vilde hava Jensens Lesebok
inn i Skulane. Enok saag paa Boki og saag seg harm.
Dikt og Tøv, ja Eventyr beintfram, og det som verre
var: Misbruk av Guds Namn, — slikt vilde ein
Sjæle-syrgjar hava inn i Skulen! Daa Saki um Hausten kom
fram i Skulekommisjonen vart Presten reint forstøkt;
hans trufaste Enok Hove var med ein Gong Førar for
Opposisjonen.
Torkjell Tualand hadde rett; Embættsmennane var
spelege. Dei søkte si eigi Ære og Vinning og brydde
seg korkje um Gudsord eller um Folke. Enok gjekk so
vidt at han tinga det nye Jaabækblade; der hadde me
daa eit Blad som torde segja Sanningi — for fyrste
Gongen etter Thranes Tid, som Torkjell sagde. Eit heilt
halvt Aar heldt Enok «Folketidende». Daa laut han
segja det upp, av di der var so mykje Misbruk av
Gudsord i det. Men elles hadde Jaabæk Rett; næste Gong det
vart Valmannsval vilde Enok ikkje røyste paa korkje
Presten eller Lensmannen. —
— Etter denne heite Sumaren vart det ein tung Haust
og ein hard Vinter. Det snødde so Vegane dreiv att;
Gong paa Gong maatte dei ut og brøyte. Snøen vart
liggjande i maanadsvis.
So vart det Linnver og Søyle med Snøslette og
Kald-regn. Nordvesten fossa um Növine med Buring og Brak,
og Himilen hekk blaasvart og stengd, so dei aldri saag
Soli. Men stilna det um Kveldane, fylltest Rome med
Havbrak.
156
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>