- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
159

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

drikke; gaar bort, I Forbandede, i den evige Ild, som
er beredt Djevelen og hans Engle» ...

Og i Skulekommissjonen, hadde han kje siti der og
vori med Presten paa Ting som han i Grunnen var imot,
so han kunde faa Ros for aa Vera ein upplyst Mann?
Hadde han kje søkt Ære hjaa Verdi meir enn hjaa Gud,
ja gjort Presten til Avgud? Men «forbandet er den
Mand som forlader seg paa Menneskje og holder Kjød
for sin Arm» ...

Og so ofte som han hadde skjemst for aa vedkjennast
Jesu Namn, naar han var ute hjaa Folk; men «hvo som
skammer sig ved at bekjende mig blandt Menneskene,
ham vil jeg og skamme mig ved at bekjende for min
himmelske Fader» ...

Dom etter Dom rulla inn-yvi han, og Djevelen stod i
Kræane og lo. «Du livde som eit Verdsbarn i store
Ting; men i Smaating som du visste han ikkje brydde
seg um, der var du snar til aa «ofra»!» «Min Sjæl hader
eders Nymaaneder og eders bestemte Høitider; jeg er
kjed af dem; jeg er træt af at fordrage dem; om de end
faste, vil jeg dog ikke høre deres Skrig; og om de ofre
Madoffer og Brændoffer, har jeg ikke Behagelighed til
dem; ja naar I udbrede eders Hænder, da vil jeg skjule
mine Øine for Eder; thi Eders Hænder er fulde af
Blod!»

Enok skjekkte med Munnen; slengde Armen utifraa
seg som han vilde kaste seg sjølv burt; smikka i det
same hardt med Fingrane. Han kvakk av det sjølv;
saag seg ikring, um nokon kunde ha høyrt det... samla
seg att og gjekk. —

— Soleis som han no bad Morgon og Kveld hadde
han aldri bedi. Anna vart stundom mest rædd; han
briika Ord um sine Syndir og seg sjølv, so det var reint
fælslegt. Liksom Boki ikkje lenger var kraftig nok lagde

159

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free