- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
160

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han ho burt og bad med eigne Ord; og det var som han
kasta seg paa Jordi for Gud, kraup for Gud som ein
Makk; i Mæle var Rædsle og Naud; Augo steig store og
stive fram, og Luggen klinte seg framyvi Panna sveit og
vaat, so han kunde sjaa ut mest som han var fraa seg.

Men det var ikkje likt til at han fekk Hjelp. Det
heldt paa og heldt paa, noko betre, noko verre; det var
Dagar daa han gjekk som i Ørska reint; Anna spurde
seg sjølv um det skulde verte no som det hadde vori
den Hausten daa han Napolon døydde.

Ein stygg Skikk fekk han med det, at rett som han
gjekk stana han og gløymde seg burt; vart standande
paa same Flekken i lange Stundir liksom fastmana.
Helst mot Kvelden. Kom ho i Fjose og skulde mjølke.
— der stod han, stiv og still som ein Stein; kom ho i
Kjellaren kunde ho kje vita nokon Ting fyrr han skilde
seg ut for Augo hennar som ein svart Skugge mot ein
Vegg; ho kvakk stundom so ho fekk vondt av det. Ein
Gong kom ho yvi han i Kjøken; der stod han og slengde
med Armen og smikka med Fingrane ... det vart so
forunderleg fælt; ho veikna burt i Knéi og maatte
setja seg; «aa nei men Herre Gud, Enok. kva er det
no ?»

«Mh!» kvakk Enok; «var det noko? Kva er det? —
Hm; det var kje noko.» Han samla seg att og gjekk;
gjekk sin Veg med hastande Stig; og ho høyrde
han smikka endaa ein Gong, daa han gjekk gjenom
Gangen. —

— Ein Dag stod Enok i Smia og smidde
Hestsko-saum. Og Djevelen var etter han med ei hard Freisting.

Det stod for han so klaart som det var skrivi med
Eld: han var fallin ut av Naaden. Altfor lengi hadde
han vori paa Tabor; der hadde han somna; daa hadde
Djevelen snikt seg inn i Hjarta hans og sett seg til der,

160

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free