Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ein Kveld spurde Maren um ho ikkje skulde lære han
aa danse; det kunde nok lata seg gjera, meinte ho; paa
Laaven; um Sundagen i Kveldyktine. Han vart bleik og
svara ja. Og det kom ei ikkje god Tid for han Gunnar.
— Ut mot Jol vart det Føre; Gunnar var med Far sin
i Myri og køyrde Torv. Det var kaldt, so det rein i
Nasane, og tungt og mødt aa vabbe i Snø og Vind.
Himilen hekk full av Snøskyir; Lufti var graa og daud,
og alt var tilfrosi. Gunnar gjekk og skugra og fraus i
Snøvind og Sno med Augo svidande av Torvmø og Kalde.
Han fekk kje Fred til aa tenkje paa Gjentur dessmeir;
gjekk berre og harma seg paa han Far, som alltid skulde
ut i det verste Vére.
Minst lika han seg, naar dei var i Myri og lesste.
Jamt stod han og ræddast at han Far kunde taka til
med Blidlæte sitt, eller koma med desse Fyriteljingane
um aa halde Daapspakti. Eller med dei gamle
Spurs-maali um Jesus, um han elska Jesus; um han hadde bedi
til Gud i Dag; uff. Kvar Gong dei hadde lesst og kunde
gange kvar til sin Øyk att, var han so glad, han totte
han drog Anden mykje lettare.
Men han skyna at Far hans gjekk og brygde paa
eitkvart; og tilslutt kom det.
«— — Eg undrast rigtigt paa, kva du gjeng og
tenkjer paa um Dagane, Gunnar. Kunde du ikkje finna
paa aa segja meg det?–Hm?»
«Hm.» Gunnar vart raud. Han Far skulde daa vel
ikkje vita noko um dette med henne Maren...
«–Ja det er kje som daa e g var litin,» sukka
Enok. «Eg hugsar so godt —. Min Far var ikkje just
den som snakka for mykje; og me Ungane gjekk og fann
paa alle dei Ting me upp kunde tenkja til aa faa han i
Drøs. Og naar me daa fekk han til aa snakka med oss
litegrand, so var me so glade som Fuglar. Men du vil kje
179
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>