- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
178

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Storbrekke, at det var ei Skam; inga vilde han hava;
han gav deim F— Dægeren alle ihop, gjorde han.

Den einaste som var snild var i Grunnen ho Maren,
Gjenta; og ho heldt med han i det, at Gards-Umagane
var fælt store paa det. I Skumingane, naar ho Maren
mjølka og han gav Büje, rødde dei jamt saman, desse
tvo, mest um Giftegreidur og slikt; og Gunnar tok til
aa like dette.

Ho Maren var streng. Aldri hadde ho havt Hjaasvæve,
endaa so mange som hadde freista aa faa henne til, og
aldri skulde det koma slik Skam yvi henne heller. Det
var fælt for den som fekk Lausbarn. «Ser du kje han
Helmik Heialand, Son aat Enkja; han gjeng reint som
eit Utskot han; ingin vil ha noko med han. Og han
tarv kje tenkja paa aa faa gifta seg, han; han er reint
utskjemd. Og det berre av di han fekk den Lausungen
for eit Par Aar sidan.» Gunnar visste det, og fælte.
Det var reint som der fylgde noko stygt med han
Helmik; og han skydde Folk det beste han kunde au.
«Og for Gjentune kann du vita det er endaa verre!»

«At det ikkje vert fleire Lausungar,» undrast Gunnar,
«slik som dei fer aat ofte!»

«Du kann so segja,» sagde Maren tankefull. Ho hadde
eit mjukt, slørt Mæle og tala stilt, men med døyvd Eld;
Andlite var kjøtfullt og rundt, Panna liti og trong,
Munnen frisk, Tennane kvite og store. «Eg hev nok vori
med paa mangt eg au. Men korleis dei steller seg og
korleis dei fer aat, so kann du daa skyna dei hev det
Vite —.»

«Ja men korleis gjer dei daa?» spurde Gunnar, ustø
i Mæle.

«Aa, dei greider det.»

Han spurde og spurde, men ho var stø; vilde ingin
Ting segja.

178

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free