- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
181

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gunnar næmare Far sin enn vanleg. Han kunde vilja
spyrja ein Gong til.

Men Far hans tagde. Berre sukka ender og Gong,
so det var mest vondt.

Eg fær vel taka til sjølv denne Gongen, tenkte Gunnar.
Han Far er so underleg i denne Tidi; kven veit?

Gong etter Gong stod han med Orde paa Tunga. Men
han fælte seg av att, til dess det vart for seint. So fekk
han heller drygje til dei kom aat Myri.

Men daa dei kom dit, hadde han misst Mode att. Det
kunde vel ikkje nytte.

–-«Kva var det du meinte,» tok Far hans i,

«daa du sa, at det kunde nok vera noko, du hadde tenkt
paa ? Kann du kje segja meg det ?» Det siste kom noko
utölegt. «Du maa daa vel tru at eg meiner det godt
med deg; at eg ikkje vil deg vondt? — Det kann nok
henda eg hev vore noko streng med deg... men du
hev da vel aldri tenkt, at... at ikkje Meiningi var god ?
— Kva — Kunde du tru, at din eigin Far vilde deg...
anna enn det som godt var.»

Enok var so underleg i Andlite.

«Nei,» kviskra Gunnar med Stræv; uff, no vart det
leidt att. Men det var utrulegt aa høyre dette av han
Far. Tenk han tilstod, at han hadde vori streng. Noko
varmt og mjukt lagde seg um Bringa hans Gunnar.

Til aa koma yvi dette sette han i med alt sitt Mod:

«Ja eg meinte at eg kunde nok ha Hug til aa koma
til Byn og staa i Krambu ei Stund, so eg kunde læra
litegrand, og tena nokre Skjelingar; ein vert so reint
Heimaling av aa aldri koma ut.» Han fann Ord so han
sjølv undrast paa det.

Det ljosna i Andlite hans Enok; Gunnar hadde tala
mildt.

«Ja, ja, Gunnar,» sagde han, og laut døyve Gleda i

181

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free