Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Mæle sitt; — «det var kje so gali tenkt det! — Du
kunde nok ha Gagn av aa koma ut og læra noko; og
naar me kunde faa deg inn hjaa ein kjend og paaliteleg
Mann—. Ja sjaa der kann du sjaa! Du skal aldri vera
rædd for aa koma til meg med sovore; du veit at eg
gjerne vil... ha deg fram, eg. Me skal sjaa, kva Raad
der kann verta med dette, Gunnar!»–
Den Dagen var Gunnar mest glad i Far sin.
— Mot Kvelden, i Skümingi, stod han i Løo og hogg
ut Høy aat Smalen; Enok gjekk og stelte og gav Øykine.
Med ein Gong kom han burt aat Son sin, slo Armane
ikring han og drog han inn-aat seg. «Eg elskar deg so,
Gunnar,» kviskra han; «du skynar det ikkje.» —
Slepte so Gunnar; strauk han yvi Hovude; sukka stilt
og gjekk.
Guten stod etter som han kunde sige i Jordi...
XXV.
Gunnar fekk flytja til Byn.
Enok kom nok i Tankar um at det var gali: — føye
Gunnar i hans kjøtelege Lyst; kaste han midt uti Verdi
med all Freisting og Daaring, so ung som han enno var;
slengje han beint i Gape paa Leviatan. Men han kunde
kje brjote sitt Ord. Gunnar vilde tru det var Rangvilje.
Han hadde vori so snild au i denne Tidi, at det hadde
vore Uraad aa gjera han imot. Det var nok vondt aa
sjaa, at han so gjerne vilde heimanfraa; men det var
kje annleis med Borni; dei hadde kje betre Vit. Mor
hans studde uppunder. Ho trudde Gunnar hadde vondt
av aa gange heime no. «I mange Maatar,» lagde ho til
med eit sers Tonelag. Enok saag paa henne; — nei;
Anna visste kje noko. Men ymist kunde det vera; slike
Gutungar tenkte kje langt; og um den Jaala, ho Maren,
182
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>