- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
187

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Farvel, du staakande Verdi!
eg trur, eg er ferdug no.
Der ute skin Have blankt og blaatt,
og der, paa Botnen er Ro–-»

Enok stakk Papire i Liimma og gjekk. Hm... Ho
Anna hadde Tillit hjaa Borni; til henne gjekk dei med
alt; men til honom — ingin gjekk til honom. Dei var
rædde honom. Han var utanfor, han; utanfor; framand
i sitt eigi Hus; — smikk ... smikk–

— Det kom ein Regnsümar av dei verste.

I seks Vikur regnde det mest i eitt. Himilen hekk
heilt ned aat Aasane med si svære Skytyngd; Jordi flaut
med Vatn; det var som der ikkje skulde vera Skilnad
lenger millom Vatne ovantil og Vatne nedantil. Skyir
stengde til alle Kantar; Himilen drog seg ihop som ein
Sekk. Men ute i den ævelege Regnskodda myrkna Have.

Fæle Torever drog laagt yvi Lande med trafsande
Regn og heite Ljon; det kunde vara i Dagar. Svære
Flaumar førde Sand og Smaastein og Rekstr yvi alt
laagt Lende, drog med seg Høy og skamfor Eng; Vegar
vart øydelagde og Kloppir rivne; Høye stod og brann
upp i Saatune sine, og Slaatten stana all Stad.

Stundom var det som Herren vilde forbarme seg;
Soli rann um Morgonen tirande blank, og Himilen var
rein og blaa som eit Vatn. Folk vaaga seg ut; kasta
Saatur og breidde Høy; kunde hende det heldt upp ut
til Nons um ikkje meir... Men dei gamle riste paa
Hovude. Soli var altfor raud, og altfor ufriskt heit;
dogglaus Mark spaadde kje heller godt; der var lite aa
vone. Og utimot Middag dotta det seg til med
Smaa-skyir her og der; Skyhagar drog upp i Sudaust og Sør;
Smaaskyine vart større og samla seg; det myrkna i
Fjelli og svartna til Havs; Soli kava og kava, men
døyvdest ned ... «Aa Gud! lat di Aasyn lysa for oss!» ropa

187

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free