Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
leg braatt og villt brast det ut av han Enok: «kva er
det du løyp og renner etter den Husmannssonen fyri?
Kva er det, han vil deg? He? Kva hev du i Løo med
han aa gjera? He?!» Han saag so vill ut at ho vart
rædd og rømde inn; Enok etter, mullande og fortryllt;
i Kjøken tok han paa Anna med same Jamringi. Anna
vart harm; «du kunde daa høyra deg fyre, fyrr du tok
paa Barne med vitlaust Snakk,» meinte ho; «Gong paa
Gong hev ho sagt til han Tønes, og i Kveld med, at det
ikkje kann verta noko; og trur du det ikkje, so kann
eg fortelja deg det alt Folk veit: at han Tønes er mest
som ør for dette; gjeng og driv ned i Heiane um Dagen
reint for seg sjølv; og til Serina sender han Brev med
halvgalne Visur; — ja du kann faa s jaa sjølv!» ho
gjekk aat Bui og kom att med eit Papir som ho gav
han Enok aa lesa. Ho Serina hadde gøymt seg.
Enok saag paa Visa; vilde Tønes gjera Narr au ? Tenk
han skreiv paa dette flate Maale. Hm!
«Aa Vinden tyt gjenom Lufti,
og Marki er kald og snaud.
Gud hjelpe meg, arme Syndaren!
— eg vilde helst eg var daud.
«Dei balar og balar og balar
i Strid og endelaust Kav.
Gud berge meg, arme Syndaren!
— eg laag no helst i mi Grav.
«Presten han stend og preikar,
og Skulemeistaren skriv.
Gud trøyste meg, arme Syndaren!
— eg slepte no helst mitt Liv.
«Gjenta ho lær og dansar
og gjev seg ein Fark i Vald.
Gud naade meg, syndige Armingen!
— best var det aa liggje kald.
186
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>