Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
svingande kvite Kerubsverd; og Tora rulla og ramla
som Domedagar. Braut ut i Brak og Skot og mest som
Skrik, himlende ville Angestskrik, — at no brast
Kvelven! Men stundom var det som ho velte seg etter sjølve
Jordi, i Skåk og Hopp som eit rullande Fjell, eller
vassande, svassande som gjenom vide Sjøar. Og Skimt i
Skimt, Skrell i Skrell; og Regne sturta og trafsa med
eit Brak som av Hestetraav; Lufti var eit hyljande Hav
av Regn; Himil og Jord grét seg saman i Angest yvi dei
Rædslur som koma skulde.
«Kors i Jesu Namn! Kors i Jesu Namn!» stunde Anna
og Enok innunder Dyna si; tilslut kom der eit Brak so
Jordi sokk — «Herre Jesus!!» Enok skreik, fümla seg
upp or Sengi som etter Hjelp, kvit som eit Lik; det
lukta Svaavel; Verdi forgjekst... «Fyrstikkur er i
Skaape!» ropa Anna; han fekk i Ljos; fann Johan
Arndt; kasta seg paa sine berre Kne; las Bøni «mod
Frygt for den yderste Dag»; og det ramla og rumla
rundt alle Himlar som Verdi var i Uppløysning.
Han dirra i Mæle; Ljose blekkte i dei brennkvasse
Ljonglim. Og Enok kjende Golve gjeva seg under Knéi
sine, naar dei sværaste Slagi kom, harde og tunge som
Sprengsmellar.
Det gav seg noko, men kveiktest uppatt; fyrst ut mot
Morgonen vart det meir rolegt. Men endaa brumla og
brulta det rundt ikring. Som eit jamt, døyvt, alltid paa
nytt vaknande og framveltande Mummel av Guds svære
Vreide.
Daa Enok kom ut um Morgonen saag han ei fæl Syn.
Haare reiste seg paa Hovude hans; han vart
standande som nömin, miste Magti yvi seg sjølv: so nær
hadde Gud vori oss i Natt. Fotefar etter den Herre
Sebaot like utanfor Døri.
Tora hadde slegi ned. Den gamle Selja stod svidd og
189
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>