Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
svart med brotin Topp; Greinine var avrivne nedetter
heile den eine Sida.
Ødelæggelsens Vederstyggelighed, Ødelæggelsens
Vederstyggelighed ...
So hadde Ljone gjort eit Hopp fraa Trée ned i Marki;
kasta ned Gjerde; bora Hol i Jordi; fari lenger burt og
gjort eit nytt Hol; og slik burtigjenom, Hol etter Hol,
mindre og mindre; Jordi upprivi og upprota som av eit
skræmelegt, rasande Kjempe-Villsvin.
Han var so stygg daa han kom farande inn att, so
graagrøn i Andlite og so forvend i Augo, at ho Anna
reint skreik upp: «kva er det, Enok?!»
— «Domen, Domen,» sagde han haast; «Domen»...
XXVI.
Lange Tidir var lidne, og forunderlege og syrgjefulle
var Verdens Umvandlingar; baade Fante-Tomas og
Carolus var komne paa Fantestigen att.
Det var ei Gjente som hadde forført han Carolus.
Ho heitte Katrine og var Dotter av Finne-Barbro.
Denne Gjenta hadde Carolus raaka heime i Ramstadheii;
og ho hadde «forlikt» seg i han. Sidan hadde Kvinnfolki
gjevi Guten Elskhugsdrykk; og fraa den Dagen var det
ute med Carolus Magnus.
Ho drog han burt fraa Arbeide alt i eitt. Oftare og
oftare var han med henne paa Ferdine hennar. Snart
viste det seg, at ho bar noko under Belte som nok var
hans. Og Enden vart, at han kom til aa fylgje henne
alltid.
Daa vart Fante-Tomas i Ulag; Carolus Magnus hadde
vori hans einaste Trøyst. No kunde det mest vera det
same med heile Vidtløftigheiti.
Skrap gjekk det med han sjølv au. Jordstykkje sitt
190
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>