Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Famili som ein Proppenrytter, um han maatte brüka so
stygt eit Ord, so kunde der nok koma mange Slags
Be-traktelsar og Fyresviv for han, baade um Verdens
Bestyrelse og um Menniskens Ondskap. Carolus undrast
med seg sjølv paa, kor Far hans no vilde av. «Ja den
som berre visste ein Utveg, so skulde kje eg vera sein,»
rettleidde han varleg.
Dei glytte til kvarandre fraa Sida med eit granskande
Augnekast.
Gamle-Tomas heldt fram, og Hovude hans bøygde seg
og svinga paa Stylken sin:
«Eg vil ikkje rosa meg sjølv; men det kann eg segja,
at eg alltid hev halde min Veg rein og mine Hendar frie
for alt som ikkje mitt var. Eg hadde alltid den
Aspekten for meg, at du skal ikkje gjera Herren din Gud
imot, so lengi du kann sleppa. So at no gjeng eg her
for Gud i mitt ni og halvtredsindstjugande Aar og kann
trygt mana ut kvar Mann, og det finst ikkje ein som
kann svara meg eitt til tusund. Ikkje ein er der, som
kann staa fram mot Tomas Fredriksen med so mykje
som det som kann liggja paa den smale Enden av eit
Spadeskaft og segja: dette hev Tomas Fredriksen teki
med Uredelegheit!»
Han glytte prøvande paa Son sin. Andlite hadde sitt
gamle løynske Lag, og Augo krengde seg skrymtheilage
og kvite.
«— So at det maa eg segja,» heldt Tomas fram i sitt
mjukaste Tonelag, «at u m det skulde passera meg noko
sodant no, so vilde eg endaa vera ein betre Mann enn
baade Olaves Didriksen og vaare andre Bekjendterar.»
Carolus Magnus sette i med ein høg, laus Laatt, —
ein glad Laatt. So sagde han: «Du hev kje stort att
for ditt ustraffelege Levnet, Far! Dei hev betre Dagar
dei som er paa Pagoen, enn me hev.»
P a g o: Tugthus.
197
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>