Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
høgt og laagt, og ute i Kjøken, og allstad, um det ikkje
skulde finnast nokon Ting; og so inn-til Sonen att, ør
og galin: «F. skal partera deg, skaffar du kje Far din
eit Skraa, din Skuntfakkar!» «Hald Kjeft no, din gamle
Sattan!» skreik Carolus, «annars skal eg læra deg!» —
Men i ei Kraa hadde Gamlen funni Broki til Son sin;
den handfor han no gjenom alle Saumar; fann tilslutt,
paa ein utruleg Stad, den vesle Tobakksbiten som enno
var att; glefste den aat Munnen med ein Bikkjeglefs og
vilde paa Dør; Carolus forstod Fantestykkje og treiv
Far sin i Foten; denne datt framstupes so lang som han
var; so bar det til med eit Staak og ei Banning so det
var kje for Folk aa høyre paa; «stél du og, din Dével!»
— «So du vil gøyma Tobakke for Far din, ditt Svin!»
— Dei laag og krabba paa Golve og saag ut som dei
vilde rive kvarandre sund; Faren fekk Tak paa Sonen
paa ein unemneleg Stad og klemde til, so Sonen remja;
Katrine og Else lagde seg imillom med Banning og
Skrik; Huse stod paa Ende; Husmannskjerringi kom
farande inn og spurde um ho skulde hente Lensmannen.
Dei vart daa tilslutt skilde paa det Vilkaare, at Faren
skulde skifte Skraae i tvo og gjeva Son sin Helvti.
Dei var meinte paa aa taka Vegen gjenom
Fjellbyg-dom; i Vaadal skulde dei raake Olaves Didriksen og
hans Flokk.
Det var kaldt men klaart den Dagen, og etterkvart
som dei rusla burtetter Vegen, Far og Son, i den lette,
frostblaae Vinterlufti og med kvar sin Skraastubb i
Munnen, kom dei i Godlag og Drøselag.
Gamle-Tomas var som han skulde ha fengi ein halv
Pæl, so kry og kveikt vart han av den vesle
Tobakksbiten. Han tala i Høgtidsmaal um Tidines
Umstændig-heitir og Livets Forargelegheit. Naar han saag
attende paa dei fordna Dagar og so tenkte paa, kossleissen
han no maatte valendera umkring her med Husstand og
196
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>