- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
199

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Vegen gjenom Fjellbygdine. Tomas og Carolus tok
Flat-lande fat; dei vilde innum paa Hove. Der var han
Carolus so godt kjend.

Lufti var klaar med linn Frost. Store graae, rolege
Skyir laag upp-yvi Himilen fraa Vest og Sør; Soli var
so vidt nede.

Det saag ut til aa bli passeleg myrkt. Snøen var for
det meste avgjengin, so dei kunde koma fram allstad.
«No kann me segja som ho Finne-Barbro sae: «Fandens
Hjelp er tryggare enn Guds Hjelp!» — lo Carolus
Magnus.

Dei sprang meir enn dei gjekk; det galdt aa koma fort
fram, og det galdt aa halde Varmen i seg. So lengi det
var ljost av Dagen, heldt dei seg paa Avvegar og
Markvegar. Mest ikkje eit Ord vart sagt. Det var ikkje Tid
til Drøsur no; og det galdt aa spara paa Krafti det ein
kunde.

Tvo Gongir kvilde dei; millom elleve og tolv um
Natti var dei framme.

Der var ingin Hund paa Hove, og alt var trygt.
Attmed Kjerrehusmuren fann Carolus Stigen; den sette
dei upp til Buakammersglase. Carolus drog Skorne av
seg og gjekk upp. Tok ut det eine Vindauga; lydde ei
Stund; gjorde Teikn til Far sin at alt var stilt, og
kraup inn.

Døri millom Kammerse og Bui stod uppe. Han stana
og lydde etter, um det skulde liggje nokon i Buasengi.
Nei. Rolegt allstad. Inn bar det.

Hjarta hans banka litegrand; elles var han med godt
Mod. Snarare glad. Kjende seg Eigar av alt som her
var; um Natti var det Fanten som var Herre. Hadde
han Tjuroen ? Javel. Stilt og smaatt stiga han seg fram,
eit halvt Fet um Senn, med den eine Handi framfyri

Tju ro: Kniv.

199

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free