Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg, um det skulde vera eitkvart i Vegen; snart stod
han ved Skatole hennar Anna.
— Læst? Nei. Alt uppe. Snilde Foik her i Huse.
Leit paa Gud meir enn paa eit Laas. Dei skulde berre
vita kva for Gjestir dei no hadde! Ned or Skjenken
fann han med stille, vare Tak Sylvskeiine, ei etter ei;
der var fem store og tri Theskeiir. So tok han upp
Skatolklaffen; fann fram til det vesle Rome inst inne,
der ho Anna hadde Sylvstasen sin; underleg nok var det
Rome læst. Men det gjorde kje noko.
Han hugsa den Laasgreida; so mang ein Gong hadde
Gunnar og han i gamle Dagar leika seg her. Og av
Olaves Didriksen hadde han sidan fengi Rettleiding i
den Kunsten aa «brekke» eit Laas. Han prikka med
Tolekniven litegrand; knikk, knakk! Der gjekk det.
«Det er nok som han Olaves segjer: eg hev Sjenie,»
mylte han for seg sjølv.
Han tok alt han fann, eit Hodevandshus av Sylv; ein
stor gamall Sylv-Armring; ein Gullring med ein Stein i;
ein stor Spiralring av Gull; ei svær gamalldags
Sylv-kjede; han kjende det att alt og var mest kløkt; aa dé
kjære Barndoms Dagar! Tulla so det han hadde funni
inn i Halsduken sin og stakk det i Kuftelümma. Paa
Buaveggen ved Kammersdøri hekk det Klædningar; han
gjorde nokre Tak der upp og tok med seg det han kunde
bera.
Og so ut. Kasta Klædi ned "til Far sin; sette Glase
inn att; kraup ned; fekk Skorne paa seg; so sette dei
Stigen burt att og gjekk.
Carolus kunde mest ikkje styre seg. Han var so glad;
hoppa, dansa, lo, stupa Kraake, knipte Far sin i
Bakenden; han hadde gjort Meistarstykkje sitt! Gamlen
talde for ’n. Men det nytta kje stort; so sette han til
Sprangs. Daa dei var komne langt nok burt fraa Husi,
skifte dei Klæde.
200
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>