Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei sat i kvar sitt Kot under full Vakt. Dei kunde
kje so mykje som banke i Veggen til kvarandre.
Carolus vart so underleg sorgmild. Mangt og mykje
hadde han aa tenkje paa no. Du Verdi; her sat han
fanga og sett og var Tjuv; aldri hadde han daa tenkt,
at slikt skulde hende.
Og so var det han Far, Stakkar. Gud veit kvar han
vanka no. Kannhende var han ög fakka. Gud hjelpe oss
alle; det var vondt for ein Son aa tenkje paa, at Far
hans skulde koma uppi slikt paa sine gamle Dagar.
Men det fekk no vera med alt som det kunde; verst
var det aa tenkje paa Katrine.
Han skulde visst gjera det han kunde til aa faa hende
fri. Og kor som gjekk so vart det no for henne ikkje
meir enn litt Vatn og Brød for Hæling. Men anten det
gjekk so eller so, — skiljast laut dei.
Han kunde visst faa baade eit og tvo Aar. Og kor
tok han Katrine att, naar han ein Gong kom ut fraa den
Sorgens Bolig?
Ho var eit bra Kvinnfolk; det var ikkje det. Men det
vart ikkje greidt for henne aa vanke aaleine ikring i so
laake Tidir; og ikkje hadde han Vigjing paa henne
heller. Han visste nok den, som vilde vera etter henne med
Forførels baade paa den eine og den andre Maaten; og
me visste kor veike me alle var, men mest Kvinnfolki.
Han tenkte og tenkte, og Hjarta hans vart tungt og
mjukt. Utan Katrine kunde han kje greide seg; det
skyna han no betre enn nokon Gong. Ho var nok eit
grand leid naar ho var full; men elles var ho den beste
han,, visste.
Han maatte faa sagt henne sine Tankar og si Sorg.
Og daa her inga onnor Raad var no til aa koma i
Ram-port med henne, so fekk han freiste aa syngje.
Han sette i med høgt Maal, so Vaktmennane kvakk.
205
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>