Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei kvakk og stogga.
I same Rappe sette Carolus paa Sprang burtetter mot
Fjell-Urdi vest av Garden; daa Bøndane kom til seg att,
var han eit heilt Steinkast burtg. Dei etter; men det
nytta kje stort; Bøndane var tunge og Fanten lett;
snart sat han gøymd uppi ei Holu i Bergurdi mest beint
uppyvi Hovude paa Bøndane.
Der stod daa dei i Snøen og glodde med sine Børsur
og gamle rustne Sablar og visste kje kva dei skulde
finne paa.
Fleire og fleire Bøndar kom til; mest alle hadde
Vaa-pen. Um ei Stund var Flokken so stor, at dei kunde slaa
Manngard um Urdi og stengje Fanten inne. Carolus
skyna dette. Og han saag, at daa vilde han vera lurd;
for koma til Fjells paa denne Leidi var raadlaust.
Sumt av det dei sagde kunde han høyre i den stille,
frostklaare Morgonen. «Dei hev vel fast Tak paa
Kjeringi?» var det ein, som sagde. «Ja,» svara det; ho
gjorde nok baade ylte og beit; men no sit ho der og
fliper.» — «Stakkars Katrinemor.»
Det var nok det beste aa gjeva seg likevel. Drog dei
av med Katrine, so vilde han helst vera med; ein greidde
seg betre tvo enn ein i slike Tilfelle.
Mildare Straff vart det au, naar ein trast gav seg yvi.
Han kraup fram or Gøymsle sitt og ned til Lensmannen.
Sette upp sitt audmjuke Andlit og sagde, at han vilde
kje skiljast fraa Kona si. «De tarv kje brüka Magt. Eg
skal fylgja godviljugt.»
Glad var Lensmannen.
Og Fanten og han fylgdest til Gards, Side um Side.
Etter fylgde Bondeflokken med Børsur og Sablar som
ei Ærevakt. —
— Um Kvelden sat Carolus og Katrine i
Lensmannsarresten.
204
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>