- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
207

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Dei song endaa ei Stund til kvarandre um Kjærleik
og Truskap og Tolmod i gode og vonde Dagar; men so
kom Lensmannen og sa, at dei maatte forhalde seg
rolege.

XXVII.

Vaabøni, Vaabøni...

Slag i Slag, Slag i Slag. Lém etter Lém; Bein etter
Bein; han skulde liva og sjaa sin eigin Undergang
Stykke for Stykke og Stig for Stig; og naar han hadde
lidi alt som lidast kunde, vilde Gud setja ’n Foten paa
Nakken og traa ’n sund som ein Orm; og so til Helvite
og lide Resten.

Skræmeleg, skræmeleg var Guds Visdom; rettvis og
usvikeleg var den Herre Sebaot! Han slog der det
sveid, han; slog der det sveid... Fyrst den gjævaste
Avguden: Gunnar; so «Lukketrée» som folna fraa Rot
til Topp; so Ervesylve, hans Skatt og løynlege
Liggjan-defe; hah! og han, som hadde læst Skotolskuffa. «No
skal du sjaa, kva eg bryr meg um Laasi dine, og kva
Avgudane dine er tess!» Herren lo aat han, og den som
er idet høge spotta han; smikk ... smikk...

Alt saag Enok no; so Helvites, Helvites klaart. Han
hadde elska Verdi; elska og dyrka Verdi; all Tid, all
Tid. Gud hadde sagt: du skal selja alt ditt og gjeva det
til dei fatige; men Enok hadde meint nei. Vandare
i kva Gud sagde; Enok hadde meint sitt, han. Forherda
seg hadde han; forherda seg som Farao. Snakka seg i
Logn med Prestetøv; kjent Anden vitne i Hjarta sitt,
men gjort seg tjukkøyrd og dauv; synda med Vilje,
synda med Vilje; «Synden til Døden» heitte det i Guds
Ord... Hah! — prøvt aa kaupe seg fri med
Smaa-Offer, med «Jesusborn» og Tattl og Tøv; ei Skjeppe

(ikkje)vandare i: sliks Slag; like godt. — Logn: Ro.

207

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free