- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
227

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lenger. «Gjer som du vil,» sagde han sistpaa. «Men
meg hjelper inginting.»

— Ein tjukk, tungfør Mann med stort svart Skjegg,
raud og uppusta i Andlit og Augo, kom stigande inn i
Reisestyvlar og Pels med Hatten paa Hovude og gjekk
beint aat Sengi. «Hva er det som mangler dej da, Far?»
sagde han.

Enok hadde raka seg og stelt seg, skift Skjorte og
lagt seg ned; det høyrde liksom til aa vera i Seng, naar
ein fekk Doktaren i Huse.

«Ja sant aa segja,» svara han, «veit eg det ikkje. Det
manglar nok mange Ting... eller kanskje helst berre
ein Ting.»

«Lidt rapt naa da, Mann min; je har lite Tid. Fa’n
saa seigt som alting gaar for dere Bønder; naada?»

«Det er nok Syndi helst, som plagar meg. Eg hev
slik ein Otte, slik Ufred ...»

«For Pokker, det skulde ikke være det samme som vi
havde der borte?» Han stirde Enok inn i Augo; kjende
han paa Livaadri og andre Stadir; «hm ... man taler
om de landlige Sæder; de rene, landlige Sæder; hm;
jagu sa jeg Smør. Naa. Hm. Neppe noget særligt. Hva
er det da? «Synd?» Hva kommer det mig ved? Du
maa snakke med Presten om det; hva? Gaa til Presten
og faa dig noe Trøst, saa —.»

Enok kjende seg uhugleg; Doktaren lukta Brennevin.
Og so denne Banningi til annakvart Ord.

«Det verste er, at eg fær kje sova,» sa han. «Eg hev
slik ei Uro i mitt Samvit, slik ein Angest og slik —»;
med ein Gong skreik han upp: «eg er i Helvite!» —

«Hyss da Mand; — skulde der være noget i Veien
med mens? — — Hm; ikke noe særligt vist... Hm.
Det er vel bare denne Gudeligheta igjen. Du gaar vel

mens: Sjæl; Sinn.

227

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free