Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lars Nordbraut var der; andre Vakte kom au; men det
saag helst ut til at han hadde vondt av det.
Ein Dag kom gamle Salomon Storbrekke. Han stabba
heller tungt paa Staven sin no; Alderen tok paa han.
Han var framlut og stør. Mæle pip tande og veikt;
Høyrsla hadde han mest reint mist; og han var tutlin
og tøvin i det heile. Sat og rødde um Mor hans Enok;
ho hadde au havt det med slike Gruvle-Ridir, sagde han;
«so du skal kje bry deg, Enok; du skal kje bry deg...»
Men ingin kunde skyna kva Trøyst Enok skulde hava av
det at Mor hans au hadde havt Gruvle-Ridir. «No vilde
eg berre ynskja, eg hadde di Tru!» ropa Enok inn i
Øyra paa Gamlen; — «jagu ja, san!» nikka denne;
hadde vel kje høyrt det.
Tilslut kom Kjistina Ramstad, ho som dei sagde Enok
skulde ha tenkt paa ein Gong. Henne tala han lengi
med. Men ho kunde kje faa sagt han noko større; ho
hadde slikt Kav med Graaten. Ho berre bad Enok at
han ikkje maatte gjeva seg yvi. «Du kann tru det er
mange som vilde tykkja det var vondt... um ein slik
Mann skulde tumla seg burt.» Graaten tok henne. «Det
er so vondt... aa sjaa deg att slik, Enok ... du skynar
det ikkje!» Enok vart liksom stillare etter dette; men
Svevnløysa heldt paa, og Anna tenkte meir og meir
paa Doktaren.
Kornelius hans Helge der aust var klein; dei trudde
det var Tæring. Han hadde alltid vori puskin av seg,
mager og skrinn og med slikt eit underleg ustødt
Gongelag; men no tok det reint Magti. I heile Vinter hadde
han haldi seg inne; no laag han; og dei tok til aa tru at
det vart Enden. Daa det leid til Vaaren, kunde alle sjaa
det var den Vegen det bar; Helge reiste til Byn etter
Doktaren. Og no fekk Enok nytte Høve, meinte ho
Anna. Han stridde imot. Men der var inga Kraft i han
226
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>