Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Tak, Mor; «Mat» har jeg sjæl.–Værsaagod. —
En Spiseske om Aftenen.–To Specier.»–-
— «Du hev nok Hast med aa koma paa Bygdi, du,»
sagde Enok til Kona si, daa Doktaren var gjengin.
«Eg hadde daa aldri tenkt slikt!» jamra Anna
fortustra. «Men du veit dei gjer som dei vil, slike!» —
— Dropane vilde kje Enok hava. Han torde kje, sagde
han. Tenk um han ikkje skulde kunna vakne att daa,
naar Draumane kom. Men daa han sistpaa tok Dropane
likevel, hjelpte dei ikkje.
Det verstna fort. Han leid visst ikkje so vondt som
fyrr; men han vart so underleg tutlin.
Og so mykje meininglaust fann han paa, at det var
kje stort Raad aa tala med han.
Han kunde kje liva; han kunde kje liva; Gunnar
skulde heim, og han burt... So lengi høyrde Anna
paa dette, at ho svara kje lenger. Brydde seg kje
um det. Det var berre Snakk. Men ho gjekk med ein
Otte for Bryste likevel; og ho kjende at det vart laakare
og laakare med henne. Det verste var Nætane; daa laag
ho og skalv og ræddast meir enn ho sov. Enn um han
vart rein galin; kva kunde han kje daa finne paa?
Ein Dag kom ho yvi han burt i Løo; han laag og
stupa Kraake i Høye som ein Gutunge. «Aa nei men
Enok!» jamra ho; rædd og raadlaus tok ho til aa graate.
«Græt du au no.» busa han ut. «Ja no skal du snart
vera kvitt meg. — Berre seg at eg skal gjera det!»
klynka han; «eg hev kje Kraft sjølv; berre eg hadde
Kraft!»
Ho torde kje vera aaleine i Huse. Paa eigi Andsvar
leigde ho Torkjell Tualand til aa vera der jamt. Berre
Laurdagsnatti og Sundagen skulde han faa vera heime.
Skrinn som ein Skugge drog ho seg ikring; venta kvar
Dag aa bli liggjande. Ein Kveld ho saag Enok gaa aat
229
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>