Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Løo med eit Reip, kvakk ho so ho laut i Seng. Serina
og Smaagjentune vart sende etter aat Løo;
Vesle-Pau-lus krabba graatande uppi Sengi til Mor si, rædd av di
dei andre var rædde... Anna kjende at dette stod ho
kje lenger i. Det vart sent Bod til han Gunnar; han
fekk rive seg laus og koma no.
Sundagen etter kom han. Enok vart som glad med
det same; «nei e’ de’ ke han Dunnalmann,» klissa han,
liksom han skulde røde til eit Barn.
Gunnar vart forfæld, daa han saag Far sin. Uvaska
og uraka, med det vaate Haare klint inn til Hovude,
umvridin i Andlite, blaa og bleik, reint naadæmd, Augo
raudsprengde, stive og store, — saag han soleis ut at
Son hans knapt kunde kjenne han att.
Enok stirde paa Gunnar; myrkna; lika kje Guten.
Byklædd og fin; strak og kaut; Bymannsfaktir; smal,
bleik; Skjegg under Nosi; jau det skulde vera noko aa
setja paa ein Gard. Juks; berre Juks ...
«Kjem du for godt no?» braadde han i; han stana
paa Golve midt framfor Son sin.
Denne raudna. «Eg kann kje koma laus fyrr det lid
lenger utpaa,» svara han.
Anna sukka, der ho laag i den store Umhengssengi
utmødd og klar. Enok smikka med Fingrane; «det er
Viljen ; det er Viljen ...» So sette han paa Døri.
«Du maa fylgja han og snakka vel med han,» bad
Anna; «du ser korleis det er.»
Gunnar gjekk; fann Far sin i Kjerrehuse. Der stod
Enok og smikka og grein yvi alle dei gilde
Arbeids-greidom, han hadde kaupt; no laag dei der og gjorde
Narr av han. «Kva vil du med oss, du Kalvehovud, som
ikkje kann brüka oss?»
«Hm,» kremta Gunnar.
Enok snudde seg; for med ein Gong beint paa han:
230
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>