Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Høyrer de noko gali um meg, maa de kje tru det,»
stod der tilslutt. «Men um det er Lygn aldri so mykje,
so heng det ein Mistanke ved ein likevel. Eg kjem att
um eit Par Aar naa det er gløymt; og daa skal eg
forklara dykk det betre.»
Anna vart liggjande.
Det verste vart mest aa faa segja det til han Enok.
Og segja det laut ein; elles fekk han vita det andre
Stadir. I si Naud raadførde ho seg med han Torkjell;
dei vart samde um ein lempeleg Maate aa segja det paa,
og Torkjell lova aa bera det fram. —
Dei skulde aat Torvmyri Morgonen etter; daa
fortalde Torkjell det.
«Det er sant,» sagde han; «eg høvde han Helge der
aust i Gaarkveld, og han hadde Helsing med fraa han
Gunnar, at dé maatte kje verta vonde paa han; men han
hadde havt slik brennande Hug til aa sjaa seg um i
Verdi, fyrr han kom heim for godt. Og so laga det seg
so vel, at han vann nokre Pengar i Lottrie; og no vert
han burte ei Tid, til dess han tykkjer han hev lært nok.
Han hev store Tankar, han Gunnar; ein Dag kann du
gjerne faa sjaa han paa Storthinge!»
Enok stirde. Kor han vilde av? —
Aa, noko kvar Stad, sagde Torkjell. «Han hev alltid
havt slik Hug til aa sjaa seg um; han vilde nok fyrst
burt aa sjaa paa nokre forunderleg gilde Maskingreidur
dei hev funni paa i Amerika» —
«Amerika! — berre han daa kjem att.»
«Du kann daa vita han kjem att. Heh! ein Gard som
Hove finn han kje paa Gata nokonstad!»
«Men at han ikkje nemnde noko um dette daa han var
heime ?»
«Han var kje viss med seg sjølv endaa; og so vilde
han kje gjera dykk urolege.»
234
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>